– påske –

«Heltane i mine naturreiser» 

TID:

23 mars, klokken 21.30

Foredrag av journalist Inge Kjell Holme

Eksepsjonelle, uthaldande, vågale, uredde
– mange ord er rette for å beskriva dei 2 fjellvande
eventyrarane som ofte hadde Turtagrø som base.

I foredraget «Heltane i mine naturreiser» set journalist Inge Kjell Holme spennande fokus på pionærane Fredrik Arentz og William Cecil Slingsby. Begge var viktige utforskarar av fjellområda i Vest-Jotunheimen mm. Eksepsjonelle Arentz si forsvinning på veg til Turtagrø i 1914 vart paradoksalt til stor nytte for fjellturismen seinare. Begge var dessuten viktige for å inkludera kvinner til å bruka fjell og toppar. Gjennom ny research kastar Holme spennande nytt lys over dei 2.

Naturvern og naturglede er også viktige ingrediensar i
foredraget til journalist Inge Kjell Holme. Holme har
arbeidd som journalist i nær 50 år med ei rekkje naturproduksjonar bak seg for NRK TV og radio.

Bor du ikke på hotellet? Bestill tre retters middag og få med deg det spennende foredraget etter maten. Send epost til hotel@turtagro.no.